Teambasert Samhandling
Som eit større prosjekt i etterkant av IDI-Rallyet, skulle vi jobbe med eit sjølvvalgt prosjekt samt knytte det opp mot bærekraft gjennom FNs bærekraftmål og SusAF-rammeverket. I den forbindelse valde gruppa mi å bygge ein automatisert fuglemater.
Mi rolle i prosjektet var prosjektleiar og delvis kodeanvsarleg. Eg hadde ansvar for å delegere oppgåver, organisere oss, planlegge, samt anna administrativt som å sette opp timelister og skrive statusrapport. Eg hadde óg delt kodeansvar, og var med på å lage kodebasen som styrte fuglemateren.

Prosjektet lærte meg kor mykje struktur betyr for å levere: med arbeidsdeling, timelister og jamlege statusrapportar klarte gruppa å få ein fungerande fuglemater ferdig i tide. Som prosjektleiar og delvis kodeansvarleg fekk eg erfaring med både administrasjonen rundt eit prosjekt og å utvikle kode som styrer fysisk utstyr.
Kva kan eg gjere i ein jobbsamanheng som følgje av det eg har lært?
Eg har vist at eg kan leie eit lite team, halde framdrift og dokumentere arbeidet undervegs kombinert med teknisk gjennomføring er dette direkte overføringsverdt til rollar som utviklar eller prosjektmedarbeidar.