Teambasert Samhandling

Læringsutbytte

Måla for kva eg skal ha lært av Teambasert Samhandling (IDATT1004):

Kunnskap

Ferdigheter

Generell kompetanse

Om faget

Teambasert Samhandling (IDATT1004) er eit fag som legg fokus på prosjekt som arbeidsform, samarbeidsmetodar, prosjektstrategiar og bærekraft. I løpet av semesteret har vi lært om t.d smidig prosjektutvikling, arbeidskontrakter, møteinkallingar og bruk av samarbeidsverktøy som Git. Faget har gjort oss oppmerksame på korleis ein arbeider i arbiedslivet, når mange skal samarbeide i lag. Spesielt når folk har forskjellige grunnlag, kunnskapar og fallgruver er det viktig å vite korleis ein skal håndtere det med minst mulig friksjon.

Innleiiande Teamarbeid

I det innleiande teamarbeidet i faget skulle vi etablere team, skrive arbeidskontrakt og så ha eit veiledningsmøte. Deretter var det 3 innleiande Lego EV3-øvingar før IDI-rallyet.

Dei innleiande oppgåvene bestod i stor grad om å lære seg å benytte PyBricks-biblioteket til å kontrollere motorar og lese inndata frå sensorar for å løyse ulike opppgåver.

IDI-Rally

Etter dei 3 første øvingane konkurrerte vi mot dei andre gruppene i eit IDI-Rally. Her skulle vi følgje ei linje, samtidig som vi skulle forsøke å både sabotere og beskytte oss sjøve mot sabotasje. Her måtte vi benytte oss av ein fargesensor for å forsøke å halde linja.

Refleksjonar

Faget har utan tvil gitt meg eit betre utgangspunkt for å jobbe i prosjekt. Eg har lært meir både om å være prosjektleiar, jobbe på tvers av kunnskapsgrunnlag og erfaring og korleis nytte ulike rammeverk for prosjekt som Kanban. I tillegg har eg blitt stødigare på bruk av GitHub, spesielt med projects og milestones som eg ikkje hadde nytta særleg mykje før. Alt dette er erfaringer som er gull verd å ta med inn i arbeidslivet.

Kva kan eg gjere i ein jobbsamanheng som følgje av det eg har lært?
Eg kan drive og fasilitere teamarbeid: sette opp arbeidskontrakt og møteprosessar, følge opp timelister og rapportar, leie arbeid etter Kanban, og kommunisere klårt på tvers av ulike faggrunnlag — kjerneferdig i nesten kvar utviklingsjobb.

ForsideIDATT1003ProsjektAndre ErfaringerCVKontakt